tirsdag 14. juli 2009

Med han far på fisketur

For eit par tima sidan kom eg og han far heim frå Fitjadalen. Me var der oppe i dammen å fiska. Klokka halv 8 var me i gang, først for me bort til hytta for å hente ein ekstra gens, då såg me at Rogutten og Pjokken og far deira var på hyttetur, dei har hytte rett oppanfor "vår".

Den nærmaste er vår, den raude oppanfor er Rogutten /m familien sin

Her er båten til Rogutten. Det er ein robåt. Namnet blei Rogutten fordu guten satt seg i robåten.

Me tok fleire rundar rundt dammen, og av totalt 8 fisk fekk eg 7 av dei! Pappen blei arg, nei, misunnleg.

Sidan han blei misunnleg rulla han seg ein røyk, men det var ikkje lett grunna all vinden som kom nett då.


Me hadde fint vèr heile turen, heilt til slutten, då kom det regn og vind og storm!


I filmen ser du han far som prøver å tenne røyken, men må trø til å gjere det bak gensen og du ser at eg får ein svær fisk!




Me kom heim att klokka 11, og er var klissvåt. Men det var ein moro kveld tilbringt med han far :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Haha. Rogutten. LOL. Syntes verkeleg synd på han, som sleit med å rulla røyken :p Hørtes ut som ein kosle kveld :)