tirsdag 5. mai 2009

WHEN IT WAS GOOD!

I dag får eg ikkje lagt inn bilete, for eg finn ikkje USB kabelen til mobilen. (?)
Derfor giddar eg ikkje å skrive om kva eg har gjort på sidan sist, utan om at eg kan ramse det opp utan å gå nermare inn på det. Ingenting, trampoline, riding på Soldal, liksom på kino (tekniske feil), tatt klassebilete og vennebilete, jobb og ridd på Børve.

Eg lika ikkje å ha bursdag seint på året. August er seint i dette tilfelle, mopedlappen. På skulen tar me oppkjøringa, men eg må vente leenge. Er allereie nokon som har fått lappen, andre har prøvd, men feila på teorien. Årh, teorien! Eigenteleg trur eg at eg greier den, om eg les godt og klarer å ha hovudet klart. I same slengen er det litt nervepirrande, for tenk om eg skulle få hjerneteppe! Ein stor frykt i dette tilfelle.

Åhja. I morgon får me vete kva fag, enten norsk, matte eller engelsk me kjem opp i på skriftleg eksamen. Eg håpar eg kjem opp i norsk, sjølv om det då er to eksamendagar. Og om ikkje så lenge reiser heile 10. klassen på Oslotur! Gledar meg kjempe mykje. Me skal ta buss, eg gledar meg til det og, sjølv eg hatar å reise langt med buss. Gjekk så fint så på bussreisa til England. I Oslo skal me på Mamma Mia, teater greia. Det blir tøft, sidan me hadde Mammo Mi på haustfesten som var basert på filmen Mamma Mia.

Også, på Joakim sin blogg la han ut DENNE sangen, kjempe stilig! :D

Seinare i dag skal eg på leiarkurs. Me skal klatre i dag og, men denne gong i PISS regn!


Eit bilete frå leiarkurset sin første tur. Me var til Botnen ei helg, gjekk ein kjempefin tur og vart kjent med folkene. Kos! :D

Ciao^^

5 kommentarer:

Hanniiish sa...

Haha. Vette sikkrt kjemt da. Eg håpe da har slutta å regna te då eg :D haha:)

AnneCez sa...

Hehe :P
e no opplett nett no då ;P

Anonym sa...

bra samtale om været liksom... når ein fyst skal kommentera på eit innlegg so blir da om været? hahA:D..

jaja.. Have a nice day guys.

Hanniiish sa...

øhh. -.-

AnneCez sa...

men e so masse å snakka om være. enten like du da, eller ikkje.. og om ein ikkje like da so e da so masse negativt so e godt å få ut :P