lørdag 2. mai 2009

Grilling og ingenting..

I går var eg for trøtt til å blogga om kva eg hadde gjort på, så eg gjer det no.

Hadde jo fri frå skulen som alle andre, dagen byrja med at eg og Elisabeth hoppa på trampolinen. Og dagen gjekk til å vera med Ingrid, Elise og Elisabeth, nei ikkje ho Elisabeth som eg hoppa på trampolinen med, men Elisabeth i klassen. Me låg først på strande før me gjekk opp på volleyball banen der ein gjeng spelte. Etter me hadde sett på dei so gjekk på til Essoen å kjøpte softis. Eg og Ingrid gjekk heim, Elise stakk heim til seg å grilla, mens Elisabeth og Maren som for etter oss frå volleyballen for bort på banen.





Heima så drakk eg glas etter glas med vatn. Så sjukt varmt! Så hugse eg ikkje kva eg gjorde på før eg reiste ut på Laupsa for å grilla med jentene :) Eg, Andrea, Evelyn, Hannah og Tone. Men før dei to sist nevnte kom da to svana. Noken litt innpåslitande svana, med ekstremt stygge føter!



Etter me hadde ete litt svidde pølse (eg som styrte med maten, det forklarer alt) og noko kjøtt greier vasa me i sanden. Hannah tok litt av. Ikkje det at eg ikkje gjorde det. Eg byrja å klatra i eit tre, og den eine greina knakk, og då kan eg ærleg innrømma at eg fekk eit stikk i meg, tenk om eg hadde stått på den greina da!? Men, balansen min er så bra at eg holdt meg i treet :P





Etter eit par timar reiste Hannah og Tone. Me sløste med ketshup flaska, brukte den til å skrive i sanden med. Litt seinare reiste eg heim. Fekk med meg senkveld.

I dag har eg ikkje gjort noko som helst. Sete inne og sett på tv mens det regna og såg på alle flaggene som var heist opp til konfirmantane her i bygde :D Eg rydda i klesskapet mitt, faktisk! Og det resultere med at eg teke på med strømpebuksa over hovudet.. Blei mykje ryddigare no. Klokka 8 ca var eg ute av huset, i hagen. Ekstremt langt når eg fyrst tar på meg sko, heilt til trampolinen..





No høyre eg på Lily Allen-Not fair Og i morgon skal eg og Hannah opp på Soldal klokko 11. Klokko 2 skal eg og the family eta hos Ingrid og dei, eta restane frå konfen til bror hennar :D vetle guten som har blitt stor! :)

Og ja! I fjøra i går såg me ein katt med eitt blått auga og det andre gult!? var ikkje spesielt fint, berre merkeleg.. Kva synest du?




Natta <3

4 kommentarer:

Hanniiish sa...

Haha Jamen nåken måtte da . :D Då vatt da meg ;O Hehe men men du kom deg jo ikkje ner frå tre ditt ain gång ! :O :P

Katten hadde jo kule auge :D

AnneCez sa...

Hehe :P eg kom meg ned, til slutt då :P

Kule å kule då.. eh

Anonym sa...

haha eg ler som eg grine av da strømpebukse bilde!!! hørte hannah snakte om da,, men hadde ikkje sett da! hahaha..fyyyy flate!!! vis du nokon gong ser filmen " Menn som hater kvinner" , so får du sjå noke med strømpebukse heilt på slutten nesten... creepy. da minte meg om da!hahah

masse rot på deg ja!! :P .. og kult på trampoline då (:.

og den katten var søøøde. og kul.
svanane var skumle men støgge føtte ja. ..

du fekk eit stikk i deg ja, når greine datt? u got nervous lol . hehe

AnneCez sa...

haha ;P strømpebukse bilde e jo kult! xD

Eg har sett den, eg og Ingrid va jo. Såg an før deg! :P

Rot ja, men eg har system i rote :P

katten va søt, men ikkje augene! og svanane hadde stygge føtte ja! :P

hehe, ja eit stikk :P