tirsdag 15. september 2009

Hei..

..og beklager for den dårlige blogginga mi. Etter at skulen byrja har eg ikkje hatt tid eller vilje til å blogge. Eg kan sei med ein gang at eg storkosar meg her på Voss Jordbruksskule og er kjempe glad for at eg byrja her. Eg bur jo då på internatet, først budde eg med Linda frå Vik i Sogn. Linda går ikkje i min klasse, så snakka ikkje så mykje med ho, utanom på morninga. No bur eg saman med Vilde frå Garnes i Arna. Ho går i same klassen som meg, altså hestelinja. 1H!! Eg er glad for at eg fekk byta rom, seier ikkje noko negativt mot Linda, berre det at eg likar meg betre no.


Nokre ting som har skjedd er; blikjendt tur til Brekkedalen, hengt på Vangen, spelt voleyball i gymsalen, gått mange fine turar saman med Mari, kjøpt nye joggesko, bytta rom, hatt besøk av Tante og Onkel frå Sogn, Hannah var oppom.... pluss maasse meir!


Nett no sete eg, Mari, Vilde og Erle på rommet til meg og Vilde. Alle sete med data, e på face, youtube, farmville..


Me skal snart sjå film, veit ikkje kva for ein, endå..


Her er ei bilete av Vilde (i svart), meg og Mari (i kvit) då me skulle få ned senga mi frå øverste etasje..

Blogges :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Å, so kjekt! Fekk de ned senge uten å øydeleggja den :p?