fredag 8. mai 2009

ALLE MED SLEIK HEITER KNUT!

I går, torsdag, var eg på skulen til litt over ti. Me var oppe på gymnaset og hadde matte på data. Eg synest det er lett, men det er faktisk litt innvikla. Først ditt, så datt, for så å måtte gå tilbake for å gjere ditt.. Men eg trur og håpar det skal gå bra på onsdag. For dei som ikkje veit kva eg snakkar om, er det matte eksamen! Ja, eg kom opp i matte skriftleg eksamen, eller eg må jo sei heile klassen då! Woheyy! Eg hadde faktisk ikkje noko i mot det, matte er ikkje så gale. Ein ekstra pluss var at me fekk ekstra lang helg. Fri fredag og mandag, med helg i mellom! :D



Etter den korte skuledagen kjørte bestemora til Biggi oss opp på Soldal. Me rei ein fin tur, til tross for all regnet. Me rei på ein sti oppover då me kom til eit tre som var falt over stien, og "hang i lufta". Me måtte gå av og få hestane til å krype under. Det gjekk!




Då eg var heime igjen var eg og søstrene mine ute i veien og bleste såpebobler. Såpebobler er faktisk fint, runde boblar med mange fargar. Seinare på kvelden begynte det å hagla igjen. For eit sommarvèr! Eg synest det kan regna frå seg no slik at me kan få ein tidleg sommar!






I dag, fredag, hadde me fri. 10B har hatt norsk eksamen i dag, håpar det gjekk bra for alle. Eg har sete inne å sett på tv mens eg høyrde på all regnet som suste sidelengs nedover. Møkkavêr! I 3 tida gjekk eg og Elisabeth opp på Børve. Ja, me gjekk opp i pissregn. Eg var klissvåt då me kom opp, og eg var glad for å skifte til rideklær. Halv 5 rei eg, og var heime ganske presist klokka 6. Mammo hadde vore til Haukeland på kontroll tidleg, så ho hadde vasa rundt på nokre butikkar i Åsane, og der fant ho skodna eg har lett lenge etter! No må eg berre vente til vêret tillater å bruke de.





I morgon har eg ingen planar, sikkert like greit, for kanskje eg tar fram mattebøkene. Eller iallefall tar eg sekken inn på rommet.

Såg på Senkveld i dag. Aqua! Wey.. Aqua er gjenforent. Eg hugsar eg likte dei veldig godt.. Ah, ah, ah, yeaah! Mange av songane er faktisk kule med god rytme.

Snakes!

5 kommentarer:

Hanniiish sa...

Jess . Mange i dekans klasse so ville ha matte faktisk ;O Haha eg syns matte e fælt !

Norsken jekk lixm hailt grait, ikkje bra å ikkje dårli. :P

Eg hate at da byte haila tie. Eg ve ha sommar!!!

Lykke te på matte eksamen då vennnen <33

AnneCez sa...

Ja, mange so synst da va grett ;D

Håpe at da gjekk bra då! :)

Eg og ve ha sommar og sol! <3

Takk snuppa :) <3

Anonym sa...

Herleg bilete! Du skrive veldig nice faktisk, og dei skodna va fine! (A) måå du ha so små føtte :p?

AnneCez sa...

Takk :)
E kun ein god grunn til å ha små føtte, andre kan ikkje låna dei xD

Hanniiish sa...

Ja va da hail sikkert , fø de e NERDA !! ;O <33

Ehh jekk sikkert fint. Trukje eg dør lixm :P

Sommar e best. Eg lika dan iaf best. LETT!! :D

<33