lørdag 18. april 2009

Yes I'm gonna be okey!

Yes I'm gonna be okey

No er klokka fire minuttar på eitt, og eg sit her i stolen som far min stjal frå jobben. Eg har beina på bosskorga denne gong, altså ikkje oppi den. Eg høyrer på musikk på youtube. Nett no er det Alesha Dixon-The boy does nothing. Eg har på meg nattklede, men har ikkje fjerna sminke og ikkje pussa tenna. Eg er trøytt. Eg burde vel eigenteleg ligge i senga mi som er kjøpt på IKEA å sove. Men no som det er sommar, eg vel å seie at det er sommar, kan man vere litt lenger vaken + at det er sjølvaste laurdagen. Nei, det er sundag. Gjer samen nytten. Tessa ligg i senga mi, og ho bruker stor plass. Ho breier seg ut som om ho eiger senga. Men det er MI seng. Mi kvite seng som eg er glad i. Men eg klarer ikkje å liggje i ro i den, overmadrassa ligg heilt skjeivt og lakenet held på å dette av.

I dag støvsugde eg. Eg gjor det ikkje fordi eg ville, men fordi støvsugaren har stått eit par dagar på rommet no uten å bli rørt. Og eg tråkka i dag tidleg på ei såpe som da knakk og det blei ein tusen bitar frå og som ikkje var fint å la liggje.

I bokhylla mi er det fullt. Eg ser gamle spel, som Kvammaspelet, Den forsvunne Diamanten.. Og strietanga mi ligg der. Og eit dusin pennyklubb bøker. Og mange prøvar. Skal me sjå, 4+ i samfunsfag prøve om USA, 4 i naturfag prøve før jul, 5- i norsk om samar, 5 i trearbeid, 5 i RLE om livssyn og etikk, 5 i samfunsfag om I- og U-land, 4 i naturfag forsøk og 4 i RLE om kristendommen.. Ser eg lenger opp har eg smykkeskrin, sminken og eg har hengt opp nokre bilder. Og enda meir spel, Kortskalle og Geni. Og på toppen av det heile er det 6 "boksar" med blad i.

No legg eg meg i IKEA senga mi. Tessa ligg der fortsatt. Ho likar forresten veldig godt å ligga i sakko-sekken. Skjønnar ho godt, det gjor eg og, før. Men no plugger eg i ladaren på mobilen og legg meg. NATTA ^^





Kva synest du om mine teikneferdigheitar? :P

4 kommentarer:

Hanniiish sa...

Vakkert bilde Anne ;D
Hmm eg har bestemt meg, du ska bli forfattar, fuck fatta kossen du får da so gott te på tentamen lissm :D (;

AnneCez sa...

Hehe :)

Forfattar!?!? ehm, nei!
På tentamen so e eg berre nøtt, deffø da vette litt bra :P

Anonym sa...

SKRYTING AV KARAKTERAR då grett! Eg e stolt av deg eg : ) og biletet du har til header er berre heilt fantastisk. du er søt. fnis

AnneCez sa...

Må jo skrya LITT dåå :P tihii..
Eg va søt ein gong eg og vettu ;D