Søndag
Eg og vetlesysto mi, Elisabeth, var oppe i Hundremeterskogen med hunden vår Tessa. Der opp er det slengdisse :)
Mandag
Mattetentamen om eg ikkje tar heilt feil. Ogdå var eg på jobb. også på riding.
Tirsdag
skule ja. hadde samf. prøve. einaste eg hugser frå den er at eg skreiv 21 statar i USA på spørsmålet der me skulle skrive 15 :) Seinare var eg på leiarkurs, der me hadde om fotografering.

Onsdag
Kjedelig dag på skulen. Klokko 5 var eg på riding istadenfor for på fredag fordi ridelæraren min skal reise vekk. Det var kun eg og ei til som heiter Ingrid som rei på den timen. Me hoppa 90 cm bane! Kjempe kjekt ;D
Og då eg var heime igjen so leika eg og Elisabeth doktor. Eg hadde skada armen som ho skulle fikse.
Torsdag
Etter skulen så var eg med Elise heim. Me øvde til dei tre presentasjonane me skulle ha dagen etter. Og me lagde oss ein god salat :D
Fredag
Gym, volleyball, i første timen. Halv elleve var første presentasjon, samf. Gjekk vel greit. Fekk ikkje vete om me fekk :) :/ :( .. Kvart på elleve var det RLE prosjektet. Der fekk me 4+ :) Fem på halv tolv var det naturfag, der fekk me 4/5.
Var heime tidleg. Og klokka fire møtte eg Andrea og Tone på essoen. Me kjøpte oss is og vasa rundt i bygda. Me var på stranda, der såg me mink, den var søt. Og me teikna i sanden :)
Søndag
Nemne vel ikkje at eg sov hjå Ingrid til i dag. Me var på Fjellstveit og koste oss med sol og is :D So fredleg der oppe. Litt utpå dagen reiste me ned i bygda og hang på banen med ein heil 16 pakkars is. Me låg der og høyrte på musikk og eg putla på med dei gummiknottane og prøvde å fylla skoen med det. I fire tida kom og Andrea, Hannah, Tone og Marte. Litt over fem reiste eg heim til heimalaga pizza og snop :D
Og i dag tryna eg. Eg og Elisabeth var ute i hagen å hoppa hinder. ja. Også kom eg litt for fort og tryna i rakene som var brukt til hinder då og fekk det stoore blåmerke midt på leggen! aoo..
Etter dette innlegget kjem eg til å poste nokre filmar. Eg må gjere det på kvarsin post, sidan det ikkje går an å ha fleire på eit innlegg.
Men Shallabaais, GOD PÅSKE
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar